Prestgardshågein - Ullinsvin

Prestgardshågein - Ullinsvin Vipps Prestgards-Hågein nr. 520188 Sommaren 2012 vart det satt i gang arbeid med å gjenskape "Prestegards-hågein" i Vågå til Munchjubileet i 2013.

Kva har så prestgarden i Vågå med Edvard Munch å gjera? Hagen på Ullinsvin i Vågå vart planlagt ca. 1745 av presten Johan Storm - tippoldefar til kunstnaren Edvard Munch. Johan Storm og familien hans var prestefolk i Vågå i 31 år. Oldeforeldra til Edvard Munch var deretter prestefolk i Vågå i 10 år. Oldefar Peder Munch, gifta seg med dotter til Johan og Magdalena Storm, Christine. Søster til

Christine, Gidsken, er bestemor til Ole Bull. Desse to søstrene er begge født og har vakse opp på prestegarden i Vågå. Dei er og begge gift i Vågåkyrkja. Oldemor Christine må ha vore ei sers dyktig og ”energisk” prestekone. Forutan å ha født 12 barn, var ho svært interessert i botanikk og legande urter, slik at ho kunne hjelpe til med medisinar, fordi ho visste kva som hjalp ved sjukdom. Vi veit difor at oldemor Christine hadde ein innhaldsrik og berømt urtehage. Marcus Fredrik Bang Wang vart seinare prest i Vågå ( 1803-1814). Han var gift med Jacobine Munch ( søster til Edvard, som er bestefaren til kunstnaren)

Fra å vera ein hage i renessanse og barokkstil, ser det ut til at hagen i denne perioden blir lagt om til ein meire landskapsstil. Bang Wang fekk laga to lysthus. Eit av tre som står nede i hagen, og eit spirea/syrinlysthus. Lysthuset av tre vart bygd ca. 1806-07. Dette lysthuset fekk i 1810 ein heilt spesiell inskripsjon på døra. Sonen til Jacobine Munch (fetter til far til kunstnaren) skreiv eit fantastisk dikt som står på døra den dag i dag. I ca. 80 år hadde Storm og Munch sete på prestegarden i Vågå - Ulllinsvin. Edvard Munch var sjølv svært knytt til Vågå og Ullinsvin. Han seier sjølv at han fekk mykje av inspirasjonen til Aulamaleria sine frå teikningane i alteret i Vågåkyrkja. Jo Visdal frå Vågå, studiekamerat av Edvard Munch frå Oslo og Paris, laga i 1886 ei byste av kunstnaren, visstnok den einaste som er laga av han. Denne bysten i gips, har Unn og Birger Bostad fått låne av barnebarn og einearving til Jo Visdal. Bysta er nå støypt i bronsje, og den skal avdukast den 8.juni 2013 i prestegardshagen. Vågå kommune er nå inkludert i Munchs nettverkskommuner, og skal markere Munchjubileet på forskjellige måtar. Hagegruppa under historielaget i Vågå har såvidt teke til med å få fram igjen denne kulturhistoriske hagen. Denne kulturhagen er tenkt å bli ein OASE - eit rekreasjonsområde, der folk ikkje berre søkjer kunnskap om Munch sine forfedrar og Edvard Munch sin sterke tilknytning til Vågåbygda og Ullinsvin, men og der bygdafolk og tilreisande søkjer opplevingar, inspirasjon, det estetisk vakre, ro og kvile. Hagegruppa har gjort kartleggingar og undersøkingar for å finne fram gamle stauder, gamle trapper, steinbenkar og liknande. Vi har hatt god hjelp av Madelene von Essen - den vel mest kjente spesialist når det gjeld historiske hagar. Det som har undra oss mest desse vekene er alle turistane som finn vegen opp til prestegarden. Dei har høyrt – gjennom andre og gjennom media - om Edvard Munch sin tilknytning til Vågå. Noko av det et som ser ut til å ”røre” dei mest er inskripsjonen på døra frå 1810.

Gratulerer til slle konfirmantar laurdag 30.5.2026! Nå har det kome enda fleire stauder i hagen!
29/05/2026

Gratulerer til slle konfirmantar laurdag 30.5.2026! Nå har det kome enda fleire stauder i hagen!

Du kan støtte arbeidet i Ullinsvin med kjøp av lodd om du ønskjer det. Trekning skjer på Jul i Ullinsvin i november. Lod...
27/05/2026

Du kan støtte arbeidet i Ullinsvin med kjøp av lodd om du ønskjer det. Trekning skjer på Jul i Ullinsvin i november. Lodd kostar 50kr. Vipps nr 759483. Skriv gjerne lodd!
Vi sel også avleggjarar til inntekt for prestgardshågein. Her er vippsnr. 520188.
Her er nokre bilde.

Fleire avleggjarar har kome på bordet i kveld!
26/05/2026

Fleire avleggjarar har kome på bordet i kveld!

Velkomen til hagen i Ullinsvin! Det er nye stauder som kjem opp kvar veke!   Den 20. juni opnar utstillingane!
26/05/2026

Velkomen til hagen i Ullinsvin! Det er nye stauder som kjem opp kvar veke!
Den 20. juni opnar utstillingane!

Gratulerer med dagen til alle konfirmantar i dag! Ein triveleg tradisjon at konfirmantane går frå prestegarden til kyrkj...
24/05/2026

Gratulerer med dagen til alle konfirmantar i dag! Ein triveleg tradisjon at konfirmantane går frå prestegarden til kyrkja! God pinse!

Takk til alle som kjøper avleggjarar i hagen og/eller lodd på U-FLAX! Nye avleggjarar er sett ut i dag, og det blir arbe...
21/05/2026

Takk til alle som kjøper avleggjarar i hagen og/eller lodd på U-FLAX!
Nye avleggjarar er sett ut i dag, og det blir arbeidd i hagen kvar veke!
I dag har Svein ordna grusgangen slik at Munch’n kjem fram og ikkje kjører seg fast, og frivillige stiller opp både dag og kveld!
Nå kan du jamen prøve stolpejakta her og! Velkomen!

Denne veka er det stor aktivitet i hagen! Nå er så vidt avleggjarsalet starta til inntekt for hagen.  #520188. På Extra ...
20/05/2026

Denne veka er det stor aktivitet i hagen! Nå er så vidt avleggjarsalet starta til inntekt for hagen. #520188.
På Extra denne veka eller direkte på vipps kan du kjøpe lodd til støtte for arbeidet i Ullinsvin. #759483.

Denne veka sit vi på Extra og sel lodd til inntekt for arbeidet i Ullinsvin - U-flax. Vi har mange fine gevinstar - frå ...
18/05/2026

Denne veka sit vi på Extra og sel lodd til inntekt for arbeidet i Ullinsvin - U-flax. Vi har mange fine gevinstar - frå Skråpå tå på Brimi sæter, servering på Bessheim, Gjendesheim, Maurvangen, Lemonsjø Fjellstue, Andre Etasje, tur for to vaksne og to barn med Gjendebåtane og til strikka vottar og handarbeidsvesker, bokgåver og griseple frå Sve.
Du kan og kjøpe lodd her:
vipps nr #759483 - kr. 50/pr lodd. Skriv gjerne lodd.
Helsing Samarbeidsutvalet v/Kari Hølmo Holen

01/05/2026

Bak den kulturhistoriske hagen i Ullinsvin i Vågå ligg ein stor innsats frå friviljuge. Nå gjer den engasjerte gjengen hagen klar for sommaren.

(Lenke til artikkel i kommentarfelt.)

Ny og vellykka dugnad måndag 27. april, i alt møtte 29 opp. Vi er så heldige at fleire vil vera med! Det syner godt ette...
28/04/2026

Ny og vellykka dugnad måndag 27. april, i alt møtte 29 opp. Vi er så heldige at fleire vil vera med!
Det syner godt etter så god innsats i alle bed! Bærkjørrer og roser har fått møkk, fleire benker og stolar har kome ut, og det er såvidt litt blomar. Vi starta med litt servering, og Per Stabell fortalde om korleis han ønskjer vi skal plassere hageavfallet for kompostering.

Adresse

Ullinsvin
Vågå
2680

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Prestgardshågein - Ullinsvin legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Prestgardshågein - Ullinsvin:

Del