Suldal kommune

Suldal kommune Suldal kommune si offisielle Facebook-side Velkomen til Suldal kommune si Facebook-side. Her får du nyttig informasjon og kvardagshistoriar frå Suldal kommune.

Det aller meste av informasjonen blir delt på nettsidene våre, difor treng du ikkje Facebook for å halda deg oppdatert på det me informerer om. Du finn svar på dei fleste spørmål om kommunen på nettsidene våre www.suldal.kommune.no
Me vil gjerne svara på enkle henvendingar på facebook, men spørsmål som gjeld sakshandsaming eller politikk må du ta i andre kanalar. Me svarar så fort me kan, innan arbeidstid måndag - fredag 08:00 - 15:30. Personvern
Du styrer sjølv kva du deler og kven du besøker på Facebook. Difor er din eigen policy like viktig som kommunen sin. Når du følgjer, likar eller kommenterer noko på Facebook-sidene våre, får Facebook tilgang og vil bruka opplysningane og spora du legg igjen etter deg. Deler du noko med status "offentleg» gir du alle tilgang og tillating til å nytta informasjonen og å knyta den til deg. I Facebook sine retningsliner står det at «offentleg informasjon er tilgjengeleg for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan sjåast eller få tilgang til gjennom søkemotorar på internett, API `ar eller media mv.» Det vil seie at spørsmåla du stiller, reaksjonane dine og det du kommenterer på Facebook-sidene våre kan lesast og brukast av andre. Spørsmål, eller kommentarar? Ja takk! Me set pris på at du engasjerer deg i innhaldet vårt. Me er på Facebook som ein service for innbyggarane våre og svarer gjerne på spørsmål og tek i mot innspel. Innspel som er arkivverdige blir lagra i arkivsystemet vårt og vil koma i postlistene våre som også er offentlege. Dersom du har feilmeldingar på blant anna veg, vatn og avlaup kan du varsla om det her: https://www.suldal.kommune.no/sd/skjema/SKO074/. Dersom du ønskjer å melda om feil ved vatn eller avlaup som hastar, kan du også ringa vakttelefonen vår 474 58 928. Me sakshandsamar ikkje på Facebook. Slike meldingar kan du senda til [email protected] eller til den enkelte sakshandsamar. Kontaktinformasjon til dei tilsette finn du på nettsidene våre. Blei det du skreiv fjerna? Det er sjølvsagt heilt ok å vera ueinig med oss. Me tar også i mot sakleg og konstruktiv kritikk. God debatt og diskusjon er bra for lokaldemokratiet. Facebook slettar innlegg som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Me fjernar også innlegg med upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Me kan også velje å sletta feilinformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen mot styresmakter og medium står i for å stansa villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Me slettar også innlegg eller kommentarar der me meiner forfattar utleverer seg sjølv eller andre og som bryt med personvern eller teieplikt. Kommentarar som ikkje har med saka å gjere eller som inneheld reklame for kommersielle produkt og teneste, blir også fjerna.

30.august 2026 vart det arrangert open dag i Suldal utvalde kulturlandskap ( UKL). Jarle Tveit på Børkjenes og Bjørg Tys...
04/09/2026

30.august 2026 vart det arrangert open dag i Suldal utvalde kulturlandskap ( UKL).

Jarle Tveit på Børkjenes og Bjørg Tysdal Moe/ Eirik Moe på Mokleiv opna gardane sine for besøk , og om lag 80 besøkjande var innom på dei to gardane denne dagen.

Dei besøkjande fekk omvisning av vertskapa i alle husa på gardane og sjølvsagt vart det anledning for å få seg ein kaffikopp, saft og litt å bite i.

På Børkjenes vart det også liv i den gamle smia, noko som fenga stor interesse. Smiinga stod Eirik Riecke Hamra og Siri Maria Jensen for. På Mokleiv bidrog Fjellbjørka 4H i matlaginga, og Ryfylkemuseet ved Mark Laurenson hadde med kjekt laftebyggesett for store og små.

Suldal kommune som også var med og arrangerte, og UKL aktørane var einige om at det var ein kjekk dag.

Takk til alle besøkjande som var innom!

Foto: Elin Tjordal

Til dykk med barn i 5.-7. klasse: Det vert arrangert workshop med moglegheit til å lage kortfilm med eigakomponert musik...
03/09/2026

Til dykk med barn i 5.-7. klasse: Det vert arrangert workshop med moglegheit til å lage kortfilm med eigakomponert musikk🎬🎵

03/09/2026

Suldal Frivilligsentral inviterer til to praktiske kurskveldar med Judit Sørhus Litlehamar og Hanna Maria van Zijp frå Omega 365 Design.

📅 22. september: Frå dugnad til synlegheit.
Praktisk kurs i sosiale medium

📅 29. september: Jobb smartare med KI.
Få meir gjort på kortare tid

Begge kursa startar kl. 19.00 på Kulturhuset i Suldal, og det er gratis å delta.

Påmelding:
https://suldal.frivilligsentral.no/hendelse?frivilligkonferansen-2026&Id=2698940

Bli med på Eldrefest på Ryfylke fjordhotell fredag 2. oktober!Det blir program og musikalske innslag, og servering av mi...
02/09/2026

Bli med på Eldrefest på Ryfylke fjordhotell fredag 2. oktober!

Det blir program og musikalske innslag, og servering av middag og dessert.

Påmeldingsfrist er innan 22. september og skal sendast til [email protected] eller til 41 49 32 30 (hugs å seie i frå om allergiar).

02/09/2026

No er det ordna, det har vore utfordringar med å logge inn i systema på legekontoret no i morgontimane.

Lunsjkonsert er utsatt til 16. september kl. 13:00 pga Kong Haralds begravelse. Meir info kjem etter kvart🙌🏻
01/09/2026

Lunsjkonsert er utsatt til 16. september kl. 13:00 pga Kong Haralds begravelse. Meir info kjem etter kvart🙌🏻

Me inviterer til felles vising av Pårørendekonferansen 2026 💛Korleis står me i ansvaret når me møte motstand? Dette er e...
31/08/2026

Me inviterer til felles vising av Pårørendekonferansen 2026 💛

Korleis står me i ansvaret når me møte motstand? Dette er eit arrangement for deg som er pårørande, fagperson, leiar, frivillig eller berre ønske meir innsikt i pårøranderolla.

🗓 Onsdag 23. september kl. 09.15–14.30
📍 Kulturhuset i Suldal, kinosalen, Løhaugen 1, 4230 SAND
Arrangementet er gratis.

Dei lokale arrangørane er Suldal kommune, Mental Helse Suldal, Frivillige Hender og Folkeakademiet i Suldal.

👉 Hugs å melde deg på her: https://forms.cloud.microsoft/e/S3x5W2CnBG

Påmeldingsfristen er 16. september. (Tilsette i pleie og omsorg i Suldal kommune melder seg på via næraste leiar/ lister, på jobb)

👉 Les programmet her: https://www.parorendesenteret.no/parorendekonferansen-2026/ #2026-program

Hjarteleg velkomen skal dykk vere! Se mindre

29/08/2026

Flott at unge flyttar til Suldal! 👏👏Suldal har dessutan rekrutteringsbustadar det er verdt å sjå.

God helg med dette flotte innslaget!

Me inviterer til felles vising av Pårørendekonferansen 2026 💛Korleis står me i ansvaret når me møte motstand?Dette er ei...
28/08/2026

Me inviterer til felles vising av Pårørendekonferansen 2026 💛

Korleis står me i ansvaret når me møte motstand?

Dette er eit arrangement for deg som er pårørande, fagperson, leiar, frivillig eller berre ønske meir innsikt i pårøranderolla.

🗓 Onsdag 23. september kl. 09.15–14.30

📍 Kulturhuset i Suldal, kinosalen, Løhaugen 1, 4230 SAND

Arrangementet er gratis.

Dei lokale arrangørane er Suldal kommune, Mental Helse Suldal, Frivillige Hender og Folkeakademiet i Suldal.

👉 Hugs å melde deg på her: https://forms.cloud.microsoft/e/S3x5W2CnBG

Påmeldingsfristen er 16. september

(Tilsette i pleie og omsorg i Suldal kommune melder seg på via næraste leiar/ lister, på jobb❤️)

👉 Les programmet her: https://www.parorendesenteret.no/parorendekonferansen-2026/ #2026-program

Hjarteleg velkomen skal dykk vere!

Adresse

Eidsvegen 7
Suldalsosen
4230SAND

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Suldal kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Suldal kommune:

Snarveier

Del