Harøy skule

Harøy skule Harøy skule er plassert i Sandøyhagen, som inneheld barne- og ungdomsskule, skulefritidsordning, kulturskule, bibliotek og kulturhus.

Sommar-SFO på Harøy skule.❤️ Fine veker etter skuleslutt med mange kjekke aktivitetar. No tek SFO ferie til 3. august. G...
30/06/2026

Sommar-SFO på Harøy skule.❤️ Fine veker etter skuleslutt med mange kjekke aktivitetar. No tek SFO ferie til 3. august. God sommar! ☀️🏝️🥰🍉🦋🌻

God leiing handlar ikkje berre om å ta avgjerder, men óg om å sjå menneska rundt seg. Vi er heldige som har ei leiing so...
19/06/2026

God leiing handlar ikkje berre om å ta avgjerder, men óg om å sjå menneska rundt seg. Vi er heldige som har ei leiing som lyttar, støttar og viser tillit til dei tilsette kvar einaste dag.

Gjennom engasjement, omsorg og evna til å skape eit godt arbeidsmiljø bidreg de begge til at vi trivst, utviklar oss og gjer ein best mogleg jobb for elevane våre. ❤️

God sommar frå tilsette ved Harøy skule.

Sommarfesten 2026. ❤️ Tusen takk til alle som bidrog til ein flott fest. God sommar frå alle oss på Harøy skule! ☀️
18/06/2026

Sommarfesten 2026. ❤️ Tusen takk til alle som bidrog til ein flott fest. God sommar frå alle oss på Harøy skule! ☀️

Elevane i 4. og 5. klasse har brukt gamle treleiker frå den gamle leiketøysfabrikken på Nordheim som inspirasjon. Result...
12/06/2026

Elevane i 4. og 5. klasse har brukt gamle treleiker frå den gamle leiketøysfabrikken på Nordheim som inspirasjon. Resultatet vart engasjerte elevar, SUV’ar, Pickup-truckar, vanlige bilar og lastebilar.
Takk til IPHuse og Myklebust trevare for spons av materiale, spikar og skruar, og takk til Ragnvald Øiehaug for hjul, hjulkapslar og spikar. 😊

Litt historie: Leiketøysfabrikken på Nordheim hadde om lag 20 tilsette på 50-talet. Den var ein av Norges største produsentar av slike leiker denne tida. Karane arbeidde nede på verkstaden, medan kvinnfolka sat oppe på monteringa. Det var produsert pennalhus i to høgder, bilar, båter og andre leiker. Fabrikken produserte fram til 1980. Etterkvart tok plastleiker ein stadig større del av marknaden, og store selskap som Lego og Brio vart dominerande. Kjelde Boka Norske leiker 2.

09/06/2026
Eksamen for elevane på 10. trinn og ekskursjon for dei andre trinna. 1.-6. trinn i Røsokvika og  7.-9. trinn i Sandvika ...
04/06/2026

Eksamen for elevane på 10. trinn og ekskursjon for dei andre trinna. 1.-6. trinn i Røsokvika og 7.-9. trinn i Sandvika på Flem. Nydeleg vèr, spennande aktivitetar og engasjerte elevar! ☀️☀️☀️

Ei av elevbedriftene våre arrangerer LAN. Framleis nokre ledige plassar. 🎮
02/06/2026

Ei av elevbedriftene våre arrangerer LAN. Framleis nokre ledige plassar. 🎮

I dag markerer vi mangfald og inkludering! 🏳️‍🌈 Alle barn har rett til å vere seg sjølv. ❤️🧡💛💚💙💜
29/05/2026

I dag markerer vi mangfald og inkludering! 🏳️‍🌈 Alle barn har rett til å vere seg sjølv. ❤️🧡💛💚💙💜

Fotballtrøye-Fredag på Harøy skule! ⚽️Elevar og tilsette vil gjerne vise at dei støtter barn og unge som er råka av kref...
29/05/2026

Fotballtrøye-Fredag på Harøy skule! ⚽️

Elevar og tilsette vil gjerne vise at dei støtter barn og unge som er råka av kreft.

Hugs at du kan bidra med å vippse Barnekreftforeninga på nummer 4422.

Takk til Sparebanken Møre som stiller opp for ei viktig sak. ❤️






Strandrydding for alle klassetrinna i dag. 1.-3. trinn rydda i Husefjøra, 4.-7. trinn rydda i Breivikfjøra og 8.-10. tri...
28/05/2026

Strandrydding for alle klassetrinna i dag. 1.-3. trinn rydda i Husefjøra, 4.-7. trinn rydda i Breivikfjøra og 8.-10. trinn rydda fjøra frå Kvalneset til Endevika. 😀
Elevane jobba effektivt og det vart plukka mykje plast. Kjekt å få arbeide ute, vere til nytte og få gjere ein merkbar innsats for miljøet. 💪🏻🤩👍🏻
Takk til Sunnmøre friluftsråd og Miljødirektoratet som gjer slike aksjonar mogleg!

Adresse

Skulevegen 28
Steinshamn
6487

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Harøy skule legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Harøy skule:

Snarveier

Del