Pensjonistforbundet Nordre Øygarden

Pensjonistforbundet Nordre Øygarden Velkommen på siden til Pensjonistforbundet Nordre Øygarden, en lokal forening tilsluttet Pensjonistforbundet. Bli med!

Vi er livssynsåpne og partipolitisk uavhengig, men eldrepolitisk aktive.

11/09/2026
Pensjonistforbundet Nordre Øygarden la i år bussturen til Langhuset i Odda. Her tok sjølvaste Lothepus omvisningen og ga...
11/09/2026

Pensjonistforbundet Nordre Øygarden la i år bussturen til Langhuset i Odda. Her tok sjølvaste Lothepus omvisningen og gav oss ein flott tur rundt campingen, der me var inne i både «kirka» og fekk sjå inn i ei hytte. Og me fekk høyre historia – fra starten og frem til i dag frå han, med hans ord og humoristiske måte å fortelje den på.

04/09/2026

Gode pensjonistvenner😊

Det blir medlemsmøte på Husets Spiseri torsdag 17. september kl. 17.30. Frå programmet:

- Allsong med Tor Erik
- «Ein hyllest til Lilly Troland», ved Elin
Austbø, Kjersti Nordøy og Jørn Austbø
- Rangnars vitsehjørne
- Marit leser dikt
- Åresal og utlodning
- Kaffitid
- Status RAUS-prosjektet
- Diverse informasjon frå styret mm

Vel møtt til ein triveleg kveld i godt lag.

Hjarteleg velkomen!

På neste medlemsmøte 17. september blir dette hovudinnslaget: «Ein hyllest til Lilly Troland»
02/09/2026

På neste medlemsmøte 17. september blir dette hovudinnslaget: «Ein hyllest til Lilly Troland»

Torsdag 20. august hadde Pensjonistforbundet Nordre Øygarden sitt første medlemsmøte etter ferien. Folk «trossa» det fin...
21/08/2026

Torsdag 20. august hadde Pensjonistforbundet Nordre Øygarden sitt første medlemsmøte etter ferien. Folk «trossa» det fine veret og over 60 møtte. Denne gongen stod RAUS-prosjektet i fokus. Representantar frå ungdomsskulen, Rong senter og vårt styre, representert ved Nils Torsvik og Lillian Torsvik, forklarte om framdrift og mål. Mange i forsamlinga meldte seg på som bidragsytarar til planlagte aktivitetar i haust etter ei kort rundspørjing. Svært gledeleg👍 Karin Rønning orienterte om seniordans i kulturhuset kvar mandag. Nils orienterte om fulltegna pensjonisttur til Odda 10. september. Sandra hadde ei kort helsing om ei sommaroppleving. Elles følgde dei faste postane med diktlesing (Marit), vitsehjørnet (Ragnar), allsang (Tor Erik), åresal og kaffitid. Takk til alle bidragsytarar og til våre flotte medlemmar som møter opp gong etter gong! Ein god start på «haustsemesteret».

06/08/2026

Gode pensjonistvenar!

Håpar alle har hatt det fint så langt i sommar. Men no er me klare for å møtast igjen😊

Det blir medlemsmøte på Husets Spiseri torsdag 20. august kl. 17.30. Frå programmet:

- Allsong med Tor Erik
- Rangnars vitsehjørne
- Marit leser dikt
- Åresal og utlodning
- Kaffitid og rundstykker frå Husets Spiseri
- Informasjon om RAUS-prosjektet og
diskusjon
- Diverse informasjon frå styret mm

Vel møtt til èin triveleg kveld i godt lag.

Hjarteleg velkomen!

«Me kom endeleg i mål!»Bilete under frå venstre, fire leiarar:  Vigdis Ravnøy PF Hordaland, Torill Selsvold Nyborg PF Fj...
18/06/2026

«Me kom endeleg i mål!»

Bilete under frå venstre, fire leiarar: Vigdis Ravnøy PF Hordaland, Torill Selsvold Nyborg PF Fjell, Knut-Eivind Nygård PF Sund og Jarle Kåre Oen PF Nordre Øygarden

Torsdag 18. juni inviterte Pensjonistforbundet (PF) Sund til sommarfest i Spildahallen. Medlemmar og representantar for alle tre foreningar i kommunen (Sund, Fjell og Nordre Øygarden) var til stades. Det vart ein kjekk og hyggelig fest med fin musikk, mingling, talar, eit interessant føredrag og god mat. Tusen takk til PF Sund😊

I dag  onsdag 3. juni fekk Pensjonistforbundet Nordre Øygarden tildelt 50.000 kr frå Sparebanken Norge til prosjektet «U...
03/06/2026

I dag onsdag 3. juni fekk Pensjonistforbundet Nordre Øygarden tildelt 50.000 kr frå Sparebanken
Norge til prosjektet «Unge møter eldre» (RAUS). På biletet under frå venstre;Nils Torsvik og Jarle Kåre Oen frå Pensjonistforbundet og samarbeidspartnar i prosjektet, Halvard Måge frå Husets spiseri.

Onsdag 10.juni arrangerer Huset Spiseri karaokekveld for unge og eldre.
03/06/2026

Onsdag 10.juni arrangerer Huset Spiseri karaokekveld for unge og eldre.

Pensjonistforbundet Nordre Øygarden (PFNØ) hadde sitt siste medlemsmøte før sommerferien torsdag 21. mai. Godt frammøte ...
21/05/2026

Pensjonistforbundet Nordre Øygarden (PFNØ) hadde sitt siste medlemsmøte før sommerferien torsdag 21. mai. Godt frammøte - mellom 50 og 60. Jakob Henrik Hellesund føredrog om Øygarden Sogelag sitt arbeid med bygebøkene og framdrifta. Interessant og lærerikt. Marith leste dikt og Ragnar dro vitsane. Tor Erik spelte og song. Kaffitid, åresal og trekning. Øyvind frå styret orienterte om RAUS-prosjektet, føreståande sommarfest i Sund og tur til Odda i haust. Han avslutta med eit kåseri om ungane på Torsvik sin store «skrekk» på 50-60-talet - lensmannen. Fornøyeleg. God sommar til alle🤗

Adresse

Rong

Telefon

+4791561465

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Pensjonistforbundet Nordre Øygarden legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Pensjonistforbundet Nordre Øygarden:

Snarveier

Del