Telemarksvegen

Telemarksvegen Telemarksvegen på Google Maps: telemarksvegen.no
Eventyrlege opplevingar frå Sørlandet til Seljord! Så langt er åtte stavgrupper sett opp.

Telemarksvegen - Rv. 41 - slynger seg vakkert gjennom 6 kommunar frå Sørlandet til indre Telemark. På sin veg gjennom kommunane Birkenes, Froland, Åmli, Nissedal, Kviteseid og Seljord, byr Telemarksvegen på 200 km av det ekte Norge. Naturen er mangfaldig og flott med sine salte svaberg, grønne heiar, fiskerike vatn, vakre fossar og steile fjellvegger. Som ein smakebit av Telemark på veg til fjordane, eller som ein del av ein rundtur, er Telemarksvegen eit flott alternativ. Gamle kulturminne og den lokale kunst- og handverkskulturen er sentrale langs vegen. Telemarksvegen byr også på aktivitetar og opplevingar som fjellklatring, golf, kanopadling, beversafari, fisking, sjøorm safari, bading og sjølvsagt vinteraktivitetar i områda Gautefall og Vrådal. Telemarksvegen har stavar med ulike symbol i toppen som eit fast element langs vegstrekket.

11.-13. september arrangerast Dyrsku'n i Seljord! 🌾🐑🚜Sidan 1866 har det blitt arrangert Fesjå/Dyrsku'n på Dyrskuplassen ...
27/08/2026

11.-13. september arrangerast Dyrsku'n i Seljord! 🌾🐑🚜
Sidan 1866 har det blitt arrangert Fesjå/Dyrsku'n på Dyrskuplassen i Seljord, som i dag har blitt Noregs største handels- og landbruksmesse med over 800 utstillarar. Ta med familie og venner og nyt kortreist, smakfull mat, hels på dei ulike husdyra og bli med på folkefesten!

Program og billettar får du på www.dyrskun.no

Foto: Dyrsku'n Arrangement AS

På ferd langs Telemarksvegen og Kviteseid førstkommande sundag? Sundag 30. august arrangeres Kviteseiddagane på Kvitesei...
26/08/2026

På ferd langs Telemarksvegen og Kviteseid førstkommande sundag? Sundag 30. august arrangeres Kviteseiddagane på Kviteseid bygdetun med konsert, tradisjonelle innslag og matsal.

Sving innom og ta deg eit stopp!🤩

Velkommen til Kviteseiddagen på bygdetunet sundag 30. august! 😍

Er du ute etter eit adrenalinrush? Kva med å teste ut Trogfjell Via Ferrata i Åmli når du ferdast langs Telemarksvegen?😃...
25/08/2026

Er du ute etter eit adrenalinrush? Kva med å teste ut Trogfjell Via Ferrata i Åmli når du ferdast langs Telemarksvegen?😃

I Trogfjell er det to klatreruter med stigtrinn, så her treng ein ikkje erfaring frå tidlegare. Stigtrinna gjer at uansett erfaring så har du moglegheit til å kome deg til topps og nyte utsikta over Åmli!🧗‍♀️
Passar både for nybegynnare og erfarne eventyrarar – og gjev garantert eit adrenalinkick 😍🧗‍♀️

Perfekt aktivitet for sommaren – ta med venner, familie eller kollegaer og få ei oppleving utanom det vanlege!

📍 Åmli, Aust-Agder
📅 Opent heile sommaren
🎒 Utstyr kan leigast

Visit Wilderness organiserar fellesturar opp Trogfjell og leiger også ut klatreutstyr om du ikkje har dette sjølv. Alle som har eget utstyr kan klatre Via Ferrataen i Åmli gratis på eigahand.

Du kan lese meir på heimesida:https://visit-wilderness.com/no/

Foto:

Nidelva renn gjennom Telemark og Agder, og følgjer delar av Telemarksvegen. Elva og områda rundt er populære for både ra...
20/08/2026

Nidelva renn gjennom Telemark og Agder, og følgjer delar av Telemarksvegen. Elva og områda rundt er populære for både rast og friluftsliv.

Langs Nidelva finn du fine moglegheiter for gåturar, kanoturar og fiske – eller berre ein stopp ved elva på turen vidare.

Eit fint naturområde å ta seg litt tid i 🌿

Foto: Styrk Fjærtoft

Bli med å feire 10-års jubileum med Topptur Nissedal 28. august!🌲🍂Ein hyggeleg kveld med song, musikk, trekning av flott...
20/08/2026

Bli med å feire 10-års jubileum med Topptur Nissedal 28. august!🌲🍂

Ein hyggeleg kveld med song, musikk, trekning av flotte premiar, kaffi og kaker.

Velkommen til ein hyggeleg kveld ved Vinkeldammen😊

Ute etter ein aktiv seinsommar? Langs Telemarksvegen er det fleire moglegheiter til å vere aktiv for heile familien 🌿👨‍👩...
18/08/2026

Ute etter ein aktiv seinsommar? Langs Telemarksvegen er det fleire moglegheiter til å vere aktiv for heile familien 🌿👨‍👩‍👧‍👧

Langs Telemarksvegen kan du:
🚴‍♀️ Sykle med familien langs Treungbanen i Nissedal
🛶 Padle rundt øyane og nyte naturen i Vrådal
🎒 Legge ut på tur til flyvraket på Skorve i Seljord
🧗‍♀️ Utfordre høgdeskrekken og klatre i Sundenuten klatrefelt i Kviteseid

Kva vil du gjere langs Telemarksvegen? 🤩

17/08/2026

TREUNGENBANEN tur- og sykkelveg har opna siste trasé ved Seljås stasjon!

14. august var det snorklypping ved Åmli-ordførar Hans Fredrik Tangen på Seljås for å markere opning av to kilometer ny turveg forbi den gamle stasjonen.

Med det kan du sykle samanhengande 35 kilometer mellom Åmli og Treungen utan å sykle langs sjølve riksvegen.

Ekteparet Gabriella Halvorsen-Bergquist og Kai Bergquist bur på stasjonen og ynskjer forbipasserande varmt velkomen til ei lokalhistorisk jernbanereise!

Treungenbanen tur- og sykkelveg har blitt ein populær attraksjon både Åmli kommune, Nissedal kommune og Telemarksvegen er stolte av!

God tur!

Kva med eit stopp i Seljord på de ferd langs Telemarkvegen?⛪ Stopp og besøk Seljord kyrkje – eit stykke middelalderhisto...
13/08/2026

Kva med eit stopp i Seljord på de ferd langs Telemarkvegen?

⛪ Stopp og besøk Seljord kyrkje – eit stykke middelalderhistorie i Telemark
🐉 Speid etter Sjøormen frå Sjøormtårnet
🍴 Nyt ein bedre lunsj på kunstnarhotellet Nutheim Gjestgiveri i Flatdal
🚴 Sykle eller gå i vakker natur langs Sogevegen

Kva er ditt favoritt sted i Seljord?🤩

Kva med å oppleve delar av Telemark vannvegen mellom Dalen og Skien?🚢Båten M/S Victoria stoppar i Kviteseid, og du kan t...
11/08/2026

Kva med å oppleve delar av Telemark vannvegen mellom Dalen og Skien?🚢

Båten M/S Victoria stoppar i Kviteseid, og du kan ta båten både mot Dalen eller nedover til Skien gjennom slusene. Uansett kva du velger er det uansett ei oppleving!

Kven kunne du tenke deg å ta med på båttur langs Telemarkskanalen? 🤩

Du kan lese meir om prisar og rutetider her 👇
https://www.telemarkskanalen.no/

Foto: Styrk Fjærtoft

Adresse

Nissedal

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Telemarksvegen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del