Austrheim folkebibliotek

Austrheim folkebibliotek Du finn oss i 2. etasje i kommunehuset. Opningstider: tysdag 10-15, onsdag 14-19, fredag 10-15

Digitalt føredrag ved Annechen Bahr Bugge.  Måndag 14. september kl. 11.00 "Fra sild til sushi – en reise gjennom norske...
10/09/2026

Digitalt føredrag ved Annechen Bahr Bugge.
Måndag 14. september kl. 11.00
"Fra sild til sushi – en reise gjennom norske mattradisjoner"

SeniorUni - digitale føredrag kl. 11 - 12 annankvar måndag på biblioteket.

kl. 12:30 - 13:30Austrheim FolkebibliotekTorsdag 10. september er det datakurs for eldre på biblioteket.Arr: Pensjonistf...
10/09/2026

kl. 12:30 - 13:30
Austrheim Folkebibliotek
Torsdag 10. september er det datakurs for eldre på biblioteket.
Arr: Pensjonistforbundet Austrheim i samarbeid med Austrheim vidaregåande skule.

Høsten 2026 vil Pensjonistforbundet i Austrheim holde eit datakurs for kommunen sine eldre innbyggarar saman med elevar frå Austrheim Videregåande skule. Vi ynskjer å betre den digitale kunnskapet deira i bruken av mobil og nettbrett/PC samt i møte med Internett og sosiale medier. Ingen påmeld...

Sommarles 2026 er no avslutta. Det blir ingen tradisjonell avlutningsfest i år, men alle som har delteke er velkomne inn...
07/09/2026

Sommarles 2026 er no avslutta. Det blir ingen tradisjonell avlutningsfest i år, men alle som har delteke er velkomne innom biblioteket i løpet av opningstida (14-19) førstkomande onsdag. Me serverer is til dei som kjem innom, og dersom det er nokon som enno ikkje har henta premiane sine, er det framleis mogleg å henta dei.

Me har trekt ein vinnar av hovudpremien, ei bok og kinobillettar for to! Gratulerer til Elena Bergh Fivelsdal!

Takk til alle ivrige lesarar som har delteke!

Velkommen til SeniorUni på biblioteket måndag 31. august kl. 11 - 12.Tyskland si historie i fem delar: Preussens storhet...
18/08/2026

Velkommen til SeniorUni på biblioteket måndag 31. august kl. 11 - 12.
Tyskland si historie i fem delar: Preussens storhetstid v/Arnt Stefansen.
Sjå program for hausten: https://senioruni.no/program/

SeniorUni - digitale føredrag kl. 11 - 12 annankvar måndag på biblioteket.

Me rydder plass til nye bøker i hyllene, så no kan du hente deg gratis bøker til odel og eige. Masse krim, fantasy og te...
22/07/2026

Me rydder plass til nye bøker i hyllene, så no kan du hente deg gratis bøker til odel og eige. Masse krim, fantasy og teikneseriar. Flotte bøker så her gjeldt det å vere kjapp!

Hels på Astrid Ekornrød Sætre (17). Astrid elskar å lesa, og er ein trufast lånar her på biblioteket. Ho ønskjer at flei...
08/07/2026

Hels på Astrid Ekornrød Sætre (17).

Astrid elskar å lesa, og er ein trufast lånar her på biblioteket. Ho ønskjer at fleire skal oppdaga gleda ved lesing, og har derfor starta sommarfeiren sin med å skriva eit engasjerande innlegg om ei av favorittbøkene sine. Ho vil gjerne inspirera akkurat deg som les dette til å plukka opp ei bok no i sommar. Om du skulle få lyst til å lesa boka ho skriv om, so har me den her på biblioteket.

Les den fine bokmeldinga hennar her:

Eg har lest "Velkommen til Floras kafé" av Jenny Colgan!

Jenny Colgan er ein skotsk forfattar som er fødd i 1972. Ho er mest kjend for å skrive koselege romanar om vennskap, kjærleik og kvardagsliv. Mange av bøkene hennar går føre seg i små bygder eller ved sjøen i Skottland, og ho skriv ofte om bokhandlar, bakeri og kafear. Nokre av dei mest kjende bøkene hennar er "Velkommen til Floras kafé", "Den vesle bokhandelen på hjørnet" og "Bakeriet på strandpromenaden". Bøkene til Jenny Colgan er omsette til fleire språk og er populære over heile verden. Mange les bøkene hennar fordi dei er lett å lese, spennande og får lesaren til å kjenne seg glad.

"Velkommen til Floras kafé" er den første boka i Mure-serien. Heile denne serien består av seks bøker. Boka handlar om Flora MacKenzie som har flytta frå den vesle øya Mure i Skottland til London for å jobbe som advokat. Etter kvart flyttar ho tilbake til den vesle øya, fordi det er ein klient som trenger bistand av ho.

Når ho kjem til Mure må ho møte familien sin og den fortida ho prøvde å leggje bak seg. Etter kvart byrjar Flora å kjenne seg heime igjen. Ho finn den gamle oppskriftsboka etter mora si og oppdagar kor glad ho er i å lage mat. Derfor bestemmer ho seg for å opne ein kafé. Igjennom arbeidet på kaféen får ho meir sjølvtillit, nye vennskap og håp for framtida.

Eit viktig tema som denne boka tek opp er at du kan få til det du vil, så lenge du har trua på deg sjølv og ikkje gir opp. I boka tvilar Flora på seg sjølv i starten, men med tida blir ho modigare og tør å følgje draumane sine. Ho viser at det er mogleg å få ein ny start og skape eit godt liv, sjølv om ein nokre gongar kan møte motgang.

Med dette innlegget ønsker eg at fleire skal begynne å lese, fordi det gir deg ein unik moglegheit til å rømme frå kvardagen og gå inn i eit anna univers. Lesing er viktig, fordi det kan gi oss som lesarar nye opplevingar og lære oss nye og nyttige ting. Ei god bok kan gi både glede, spenning og ein pause frå alt det som skjer rundt oss. Derfor meiner eg at alle bør prøve å finne seg ei bok dei likar, fordi lesing er både lærerikt og kjekt. Om du ønsker å låne deg ei god bok som du kan nyte i sommarferien kan du gå innom eller ta kontakt med Austrheim folkebibliotek.

- Astrid Ekornrød Sætre -

Me har fått nytt utlånssystem - og med det - nye nettsider kor du kan logga deg inn og administrera låna dine. Du loggar...
29/04/2026

Me har fått nytt utlånssystem - og med det - nye nettsider kor du kan logga deg inn og administrera låna dine.

Du loggar deg på med lånekortnummeret ditt + pin-kode.
Dersom du ikkje anar kva for eit lånekortnummer du har kan du plinga på, så skal me hjelpa deg: 56162007.

Her er lenka til dei nye sidene:
https://surf.cicero-suite.com/institution/NO-2126400

VIKTIG INFORMASJON No er biblioteket i ferd med å gå over til nytt biblioteksystem. Fram til og med måndag 13. april vil...
25/03/2026

VIKTIG INFORMASJON
No er biblioteket i ferd med å gå over til nytt biblioteksystem.
Fram til og med måndag 13. april vil me derfor vera stengt.
Me opnar altså opp att tysdag 14. april.
Påskeharen er på plass og hjelper til, og vil ønskja alle ei riktig GOD PÅSKE så lenge.
På forhånd takk for tålmodighet rundt omlegginga til nytt system.

VIKTIG INFORMASJON Biblioteket skal gå over til nytt biblioteksystem. Frå tysdag 24. mars til og med måndag 13. april vi...
09/03/2026

VIKTIG INFORMASJON

Biblioteket skal gå over til nytt biblioteksystem.

Frå tysdag 24. mars til og med måndag 13. april vil derfor biblioteket vera stengt. Det betyr altså at me er stengt frå palmehelga og to veker framover.

Så, kjære lesar, dersom du ønskjer å sikra deg lesestoff til påskeveka, så må du ha dette i mente.

På grunn av overgangen til nytt system, er det også viktig at me får innlevert mest mogleg. Me kjem til å senda ut purringar ein av dei nærmaste dagane. Dersom du veit at du har noko liggjande, er det fint om du samlar saman og leverer inn. Det vil gjera livet litt enklare for oss på biblioteket, og biblioteksjefen blir like glad som på bildet dersom me no får ei kjempebølge av innleveringar.

På forhånd takk for tålmodighet rundt omlegginga til nytt system.

Her er midlertidig web-portal for å reservere bøker og sjekke dine lån.
13/01/2026

Her er midlertidig web-portal for å reservere bøker og sjekke dine lån.

Nytt regelverk for behandling av personopplysningar (GDPR) som tar til å gjelda 20. juli 2018. Vi har derfor gjennomgått våre rutinar for behandling av personopplysningar, og oppdatert vår personvernerklæring.

Adresse

Sætremarka 2
Nærbø
5943AUSTRHEIM

Åpningstider

Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 14:00 - 19:00
Fredag 10:00 - 15:00

Telefon

+4756162007

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Austrheim folkebibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Austrheim folkebibliotek:

Snarveier

Del