Luster SV

Luster SV Lokallaget Luster SV
Eit parti for dei mange, ikkje for dei få.

Me vil ønske alle små og store skuleelevar lykke til med skulestart!
17/08/2026

Me vil ønske alle små og store skuleelevar lykke til med skulestart!

🌹 **Me gløymer aldri.**I dag er det 15 år sidan terroren ramma Noreg, den 22. juli 2011.Me tenkjer på alle som mista sin...
22/07/2026

🌹 **Me gløymer aldri.**

I dag er det 15 år sidan terroren ramma Noreg, den 22. juli 2011.
Me tenkjer på alle som mista sine kjære og dei som ber arra frå dagen med seg. Både synlege og usynlege.
Høgreekstremisten sitt åtak var politisk motivert. Det var eit åtak på det norske sosialdemokratiet og Arbeidarpartiet, men særleg ungdomsorganisasjonen deiira, AUF. 33 av dei drepne fekk ikkje ein gong bli gamle nok til å feire sin eigen 18-årsdag.
Det var eit åtak på fellesskapet og trua på eit samfunn med plass til alle. Det var eit åtak tufta på eit **reindyrka** hat mot alt som gjer Noreg til eit godt land å leve i.
Derfor held det ikkje at me aldri gløymer.
For me skulle ta eit oppgjer med høgreekstremismen, men me ser klart og tydeleg at haldningane lever vidare. Ein fersk undersøking fortel oss at 150.000 nordmenn i dag stuttar høgreekstreme idéar.
Det er ein liten del av landet vårt, men det er likevel altfor mykje. Endå meir uroande er det at dette er ei dobling av tala frå den same undersøkinga fire år tidlegare.
Òg me som ikkje er forskarar ser korleis ytre høgre vinn terreng – i Noreg og i resten av Europa. Retorikken hardnar til. Hatet får meir plass. Minoritetar vert mistenkjeleggjorte. Demokratiet vert pressa.
Det er vår plikt å stå imot, så lenge og så hardt som det krevst.
Mot rasisme. Mot hat. Mot høgreekstremisme. Uansett kva form han tar.
Me skuldar offera og dei etterlatne å vere tydelege: Aldri meir 22. juli er eit løfte me må halde – i ord og i handling.

Gratulerer med dagen!Første mai er ein festdag.Ein dag for å feire at arbeidarrørsla har bygd dette landet for dei mange...
01/05/2026

Gratulerer med dagen!
Første mai er ein festdag.
Ein dag for å feire at arbeidarrørsla har bygd dette landet for dei mange, og ikkje for dei få på toppen. I dag feirar me det vakraste med Noreg: sterke fellesskap og små forskjellar mellom folk.
Men dagen i dag er også ein kampdag. Ein kampdag fordi det er mykje som gjenstår. I dag fyller me gater og torg, og forhåpentlegvis Pyramiden med solidaritet, med krav om eit anstendig arbeidsliv og velferd som tryggar oss alle!

God 8.mars - mykje å feire, mykje å kjempe for. Fleire stader i verda blir kvinners rettar trua. Ytre høgres politiske p...
08/03/2026

God 8.mars - mykje å feire, mykje å kjempe for.

Fleire stader i verda blir kvinners rettar trua. Ytre høgres politiske prosjekt, anten det er i Polen, USA eller andre land er mellom anna å
svekkja kvinners rettar.

I Polen har ei høgreradikal rørsle over år jobba for å stramma inn abortlovgivinga. Ifølgje FN utgjer abortlovgivinga i landet kjønnsbasert
vald mot kvinner. I USA har fleire delstatar i løpet av få år innført totalforbod mot abort.
Ytre høgre veks fram over heile Europa, med kvinnefiendtleg politikk som blir pakka inn som “familieverdiar”. Me lever i ei lagnadstid for
feminisme og likestilling. Eit samfunn der kvinner mistar rettar, er eit svakare samfunn for alle.

Også her heime ser me at tankegodset som veks fram andre stader i verda, blir tekne med inn i debattane og normaliserte av dei etablerte partia på høgresida. Me ser no eit KrF som byggjer opp under og markerer seg på eit ønske om å gå tilbake til «tradisjonelle verdiar».

Svaret vårt må vera meir fellesskap og eit aktivt forsvar for kvinners fridom og likestilling. Rørslene må stå saman med kvarandre. Kjemper for kvarandres rettar. Skulder ved skulder. Kvinnekamp er kamp for felleskapet.
Det er ein kamp for dei mange. Ikkje for dei få.

Særs viktig at dette blir teke opp i regjeringa og storting. Noko lyt gjerast.
06/10/2025

Særs viktig at dette blir teke opp i regjeringa og storting. Noko lyt gjerast.

Helse Førde sitt forslag om nedlegging av tilboda ved Lærdal og Nordfjordeid sjukehus, reiser spørsmål om kva slags sjukehusstruktur vi skal ha i Noreg – og ikkje minst, korleis den skal finansierast. Når helseministeren peikar på at det er Helse Førde sitt ansvar å forvalte ressursane inn...

22/09/2025

Senterpartiet styrer sin egen skute, men de vet at veien til en mer offensiv distriktspolitikk går gjennom SV.

– Senterpartiet vet hvor vi står, og jeg trenger ikke å strekke ut ei hånd til folk som jeg har tatt i hånda for å takke for budsjettsamarbeidet i fire år, og som vi har sittet i regjering sammen med.

Det sier SV-leder, Kirsti Bergstø til Nationen, og viser til at vi kan stå sammen om helt konkrete grep for å gi bonden bedre lønn og for å få fisken på land. Dette kan også gjelde ujevnheter i boligpolitikken og i den økonomiske politikken, og SV inviterer til bredt rødgrønt samarbeid i distriktspolitikken.

Les om vår parti-leiar her:  Godt val!
07/09/2025

Les om vår parti-leiar her: Godt val!

Tre ganger har SV-leder Kirsti Bergstø fått kreftsykdommen tett på livet. Farens kreftsykdom vekket også hennes politiske interesse.

05/09/2025

Mari Husabø, bur i Sogndal og arbeider på høgskulen.

Difor røystar eg SV:

Eg røystar SV fordi eg vil ha eit likare samfunn, der det er mindre skilnad på dei som har mest og dei som har minst. Eg røystar SV fordi eg vil ha levande og mangfaldige lokalsamfunn, matproduksjon i heile landet, reine fjordar og hav og trygge helsetilbod til alle. Eg røystar SV fordi eg vil ha vern av verdifull natur, og kamp mot klimakrisa. Og eg røystar SV for eit fritt Palestina.

04/09/2025

✋ De har bedt om hjelp lenge og nå slår ansatte alarm om en uforsvarlig lav bemanning i norske barnehager.

To ganger har SV fått gjennomslag for økt bemanning, men pengene som har gått til Oslo kommune, har høyresida i stedet brukt til å kutte i eiendomsskatten til de aller rikeste. Det viser hvor prioriteringene ligger.

Deror mener vi at midler som bevilges til økt bemanning i offentlige tjenester, må øremerkes for å unngå at kommunene bruker dem til andre formål.

👇 SV jobber for et seriøst barehageløft og foreslår følgende:

– Flere ansatte i barnehagen: Styrke rammene i dagens bemanningsnorm for å sikre god bemanning i hele åpningstiden.
– Gratis barnehagen for alle.
– Slette studiegjelden til barnehagelærere, for å sikre at flere blir i yrket.
– Styrke kompetanse og sikre lavere sykefravær, ved å satse på bransjeprogram for barnehageansatte.
– Øke spesialpedagogikk i barnehagene, gjennom å styrke mulighetene for ansatte i barnehagen til å ta etter- og videreutdanning i spesialpedagogikk.

❤️ Stem SV – for nok folk på jobb i barnehagen.

God stemning på Hafslo Fiskefestival 👍
30/08/2025

God stemning på Hafslo Fiskefestival 👍

Adresse

Tandla 6
Marifjora
6868

Telefon

+4740242942

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Luster SV legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Luster SV:

Snarveier

Del