Forsvar Lærdal sjukehus 2026

Forsvar Lærdal sjukehus 2026 Forsvar Lærdal sjukehus kom i gang att etter at Helse Førde i september 2025 la fram forslag om å fjerna viktige funksjonar ved Lærdal sjukehus.

Namnet er henta frå den gamle aksjonsgruppa Forsvar Lærdal sjukehus (2003–2015). Aksjonsgruppa Forsvar Lærdal sjukehus 2025 består av Audun Mo (ordførar, Ap), Janne Reppen (varaordførar, Ap), Kristen Olav Grøttebø (ny aksjonist, engasjert innbyggar og pårørande) samt Bente Øien Hauge og Siv Enerstvedt frå den gamle Forsvar Lærdal sjukehus-aksjonen (2003–2014). I tillegg er fleire einskildpersonar og organisasjonar samarbeidspartar. Kasserar er Håkon Lysne. Om du vil støtta aksjonen er kontonummeret 3730 26 97044.

Angy Avendano skriv:Har du erfaringar med Lærdal sjukehus?ENDELEG SKJER DET!I august kjem eg og fleire internasjonale sc...
14/07/2026

Angy Avendano skriv:

Har du erfaringar med Lærdal sjukehus?

ENDELEG SKJER DET!

I august kjem eg og fleire internasjonale scenekunstnarar til Lærdal for å arbeide med eit scenekunst-forprosjekt om Lærdal sjukehus, historia til sjukehuset og endringane som har prega det gjennom åra.
Som ein del av arbeidet ønskjer me å snakke med menneske som har eigne erfaringar og perspektiv. No leitar me særleg etter personar som opplevde prosessen rundt nedlegginga av ortopediavdelinga, og andre som kjenner ei sterk tilknyting til Lærdal sjukehus.
Korleis opplevde du denne prosessen? Kva betydde ortopediavdelinga for deg, familien din eller lokalsamfunnet? Korleis har endringane påverka deg?
Me er interesserte i å høyre ulike erfaringar og synspunkt. Samtalane vil først og fremst vere ein moglegheit til å lytte og lære, og vil vere ein del av researchen til prosjektet.
Om du kunne tenkje deg å ta ein prat med oss, eller kjenner nokon som kunne vere interesserte, set me stor pris på om du tek kontakt med meg på melding eller i kommentarfeltet.
Om du ikkje ønskjer å møtast, men likevel vil dele tankar og erfaringar, er du òg hjarteleg velkomen til å skrive til oss på e-post: [email protected]
Alle perspektiv er verdifulle, enten dei blir delte i ein samtale eller skriftleg.
Del gjerne innlegget vidare.

Takk på førehand!

FØRDE: Angabygget skal oppgraderast for 130 millionar kroner. Helse Førde skriv i ei pressemelding at grunnen er Univers...
06/07/2026

FØRDE: Angabygget skal oppgraderast for 130 millionar kroner.
Helse Førde skriv i ei pressemelding at grunnen er Universitetet i Bergen si satsing på utdanningsløpet Vestlandslegen i Førde, der det trengst lokale for medisinstudentane.

Angabygget skal oppgraderast for 130 millionar kroner. No er det klart kven som har sikra seg oppdraget.

Ville Lærdal vore tryggare om me var i Helse Bergen? Tvilsomt, dersom ein høyrer på avtroppande direktør:«– Vi har eit o...
21/06/2026

Ville Lærdal vore tryggare om me var i Helse Bergen? Tvilsomt, dersom ein høyrer på avtroppande direktør:

«– Vi har eit ordskifte på Stortinget som går heilt ned i detaljar. Det kan vere sjukehusbibliotek, pauserom eller ortopedi i Lærdal. Det må jo få konsekvensar for andre ting når politikarane held på slik.

Eivind Hansen har vore direktør i Helse Bergen sidan 2015. På veg ut døra kjem han med eit hjartesukk. Han meiner den politiske debatten står i vegen for naudsynt omstilling i sjukehusa.

Den er for kortsiktig og legg for mykje band på sjukehusa, meiner han. Han opplever at omstillingar vert møtt med protestar, utan at det kjem forslag om kvar kutta kan komme.»

Sjefen på Haukeland meiner diskusjonen kring sjukehusa er prega av populisme og kortsiktig tenking.

Det handler om pasientar, tryggheit i regionen – og om eit personale som har stått på som få andre.
29/05/2026

Det handler om pasientar, tryggheit i regionen – og om eit personale som har stått på som få andre.

Snart er det tomt på operasjonsavdelinga i tredje etasje. Her fortel tilsette i Lærdal om dei siste dagane, om vegen hit og om det nye som ventar.

Forferdelig trist at den flotte ortopediske avdelinga er eit avslutta kapitel.
29/05/2026

Forferdelig trist at den flotte ortopediske avdelinga er eit avslutta kapitel.

Alt innhald og tilhøyrande data på våre nettsider er underlagd opphavsrett og kan ikkje brukast utan samtykke. Dette gjeld òg for all skraping, crawling, sal eller vidaredistribusjon.

24/05/2026

Takk, Kjersti Toppe!

22/05/2026

Adresse

Lærdalsøyri
6887

Telefon

+4790759624

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Forsvar Lærdal sjukehus 2026 legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Forsvar Lærdal sjukehus 2026:

Snarveier

Del