Lærdal fjellstyre

Lærdal fjellstyre Lærdal fjellstyre forvaltar aurefiske i Lærdal statsalmenning, hytteutlån/-leige, reinsjakt på almenningane i Lærdal og hjortejakt i tre terreng.

Fiskesesongen er definitivt over - hugsa å senda inn fangstrapport! Informasjon nedst på denne sida:
06/10/2025

Fiskesesongen er definitivt over - hugsa å senda inn fangstrapport! Informasjon nedst på denne sida:

– Her på Inatur (Obs: ved kjøp på Inatur blir det lagt på eit servicegebyr på 20 kr.; denne summen blir lagt på uavhengig av kva type og kor mange kort du kjøper. Dette er eit gebyr Inatur legg på automatisk) 

Me har fått tips om at det truleg har førekome "førehandsbooking" av i alle fall ei av hyttene på Lærdal statsalmenning ...
03/09/2025

Me har fått tips om at det truleg har førekome "førehandsbooking" av i alle fall ei av hyttene på Lærdal statsalmenning - altså at nokon har køyrt opp og skrive seg inn i bookingboka ei stund i framkant. Dette er IKKJE tillate. Ein skal skriva seg inn i denne boka den dagen ein er på veg inn i fjellet - dette står tydeleg i boka.

Sidan dette er hytter ein kan nytta gratis er det viktig at folk overheld prinsippet. Og folk kan gjerne ha ein "back up"-plan dersom hytta ein har tenkt seg til viser seg å vera oppteken. Me har totalt fem slike mindre gratishytter i Lærdal statsalmenning, og det har vel aldri skjedd at alle er i bruk samstundes - og alle har fleire fine fiskevatn i nærleiken, så det er mange moglegheiter.

Informasjon om hyttene og innskriving i boka her:

Lærdal fjellstyre har to større hytter som ligg rett ved anleggsvegen, desse kan leigast mot betaling. Her finn du alt du treng, men du må ha med sovepose sjølv.

27/08/2025

Det er framleis ledig ein del periodar i dei populære hyttene våre denne sommaren🎣
Hytta på Hallingskeidsanden:
- 27.08-29.08
- 01.09-05.09
- 08.09-30.09
Kvevasshytta:
- 08.09-09.09
- 15.09-30.09
Booking på tlf 90073896

01/08/2025

Det er framleis ledig ein del periodar i dei populære hyttene våre denne sommaren🎣

Hytta på Hallingskeidsanden:
- 04.08-06.08
- 25.08-05.09
- 08.09-30.09

Kvevasshytta:
- 01.09-05.09
- 08.09-30.09

Booking på tlf 90073896

Fiskesesongen startar fredag 11.juli!🎣  Det er no heilt ope Hallingskeidsanden og delvis ope på Kvevatnet, men ein del i...
10/07/2025

Fiskesesongen startar fredag 11.juli!🎣

Det er no heilt ope Hallingskeidsanden og delvis ope på Kvevatnet, men ein del isflak og snø rundt vatnet. Elles veit me ikkje korleis tilhøva er rundt om, men ein må pårekna at det er mykje eller delvis is og snø på/rundt vatna no i starten.

På grunn av at det altså er att ein del snø er heller ikkje alle parkeringsplassar opne enno. Vidare må alle som køyrer til/frå statsalmenningen visa aktsemd for og omsyn til anleggstrafikken på vegen.

Meir generell informasjon om vatna og fiske reglar, prisar på fiskekort og lenkje til nettsal av fiskekort på Inatur finn du her👇

Ved å kjøpa fiskekort hjå Lærdal fjellstyre får du tilgang til fiske i rundt 50 fjellvatn i Lærdal statsalmenning. Det ligg vatn både på aust- og vestsida av anleggsvegen. Terrenget er meir karrig i aust, men også her er det gode fiskevatn.

Nokre har etterlyst fiskerapportane - på denne sida ligg 2024-rapporten og vidare nedover kan ein finna rapportar attend...
24/01/2025

Nokre har etterlyst fiskerapportane - på denne sida ligg 2024-rapporten og vidare nedover kan ein finna rapportar attende til 2017.

Elles er det oppdaterte prisar på utleigehyttene og informasjon om rypejakt 2025 (dvs. det ligg ikkje an til å bli jakt komande haust)

Fiskesesongen i Lærdal statsalmenning er over - alle som har fiska og fått fisk skal levera fangstrapport. Dersom du ikk...
04/10/2024

Fiskesesongen i Lærdal statsalmenning er over - alle som har fiska og fått fisk skal levera fangstrapport. Dersom du ikkje har levert rapport, ber me om at du gjer det innan 20. oktober. Meir informasjon om rapportering nedst på denne sida:

– Her på Inatur (Obs: ved kjøp på Inatur blir det lagt på eit servicegebyr på 20 kr.; denne summen blir lagt på uavhengig av kva type og kor mange kort du kjøper. Dette er eit gebyr Inatur legg på automatisk) 

Hyttene som ein kan leiga ved vegen er ledige som følgjer: Hallingskeidhytta:19.07-22.0723.07-26.0713.08-15.0818.08-21.0...
17/07/2024

Hyttene som ein kan leiga ved vegen er ledige som følgjer:

Hallingskeidhytta:
19.07-22.07
23.07-26.07
13.08-15.08
18.08-21.08

Kvevasshytta:
14.08-16.08
26.08-29.08

Hyttene er også ledige nokre dagar i september. Les meir om hyttene og bookinginfo på:

Tilkomst: Om du kjem frå aust eller vest tek du av ved nedlagde Ljøsne skule (oransje bygningar, merka "ABC" på kartet), 13-14 km. aust for Lærdal sentrum. Du køyrer 3-400 meter,  mellom anna kryssar du Lærdalselvi over ei smal bru. Så kjem du til eit kryss, her tek du til venstre.

No er vegen open til Kvevatnet, nokre vatn er opne - m.a. Hallingskeidsanden - og fiskekort kan ein kjøpa på Inatur. Ski...
09/07/2024

No er vegen open til Kvevatnet, nokre vatn er opne - m.a. Hallingskeidsanden - og fiskekort kan ein kjøpa på Inatur. Skitt fiske🐟

Vegen er no open heilt til Kvevatnet, og nokre fiskevatn er heilt eller delvis isfrie - mellom andre Hallingskeidsanden. Kvevatnet på si side er det sopass mykje is på per 8.juli at det ikkje kan reknast som "fiskbart", men om ei vekes tid er det truleg mogleg å fiska her også - utan at me garan...

Per 12.oktober har me motteke få fiskerapportar, og det er uheldig fordi me får ein mindre korrekt statistikk for denne ...
12/10/2023

Per 12.oktober har me motteke få fiskerapportar, og det er uheldig fordi me får ein mindre korrekt statistikk for denne sesongen.

Alle som har fiska i Lærdal statsalmenning i 2023 og fått fisk må levera fiskerapport innan 20. oktober. Fiskesesongen er over i Lærdal statsalmenning med god margin, og då skal ein levera fiskerapport om ein har fått fisk. Grunnen til at dette er viktig, er at Lærdal fjellstyre etter kvar se...

Hugs å levera fiskerapport! Fiskesesongen i Lærdal statsalmenning er snart over, og me ber om at du leverer fiskerapport...
22/09/2023

Hugs å levera fiskerapport!

Fiskesesongen i Lærdal statsalmenning er snart over, og me ber om at du leverer fiskerapport dersom du har fiska, fått fisk og er feredig for i år. Du kan levera ein fysisk rapport til leiar i Lærdal fjellstyre, Jarle Molde, eller senda ein rapport på e-post - mal for rapport og adresse du skal senda til finn du nedst på denne sida:

– Her på Inatur (Obs: ved kjøp på Inatur blir det lagt på eit servicegebyr på 20 kr.; denne summen blir lagt på uavhengig av kva type og kor mange kort du kjøper. Dette er eit gebyr Inatur legg på automatisk) 

Folk blir oppmoda om å ta det med ro.
18/08/2023

Folk blir oppmoda om å ta det med ro.

Men folk må ta det med ro.

Adresse

Lærdalsøyri
6887

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lærdal fjellstyre legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Lærdal fjellstyre:

Del