14/06/2026
Vil du vere med og forme framtidas Kinn?
Nominasjonsprosessen i Kinn Venstre er no i gang. Vi ønskjer kandidatar med ulike erfaringar, bakgrunnar og perspektiv frå heile kommunen.
Du treng ikkje ha vore politikar før for å stille. Det viktigaste er at du har engasjement for lokalsamfunnet og ønskjer å bidra til utviklinga av Kinn.
Som kandidat får du høve til å:
– påverke utviklinga i Kinn
– arbeide for lokalsamfunnet
– bidra med dine perspektiv og erfaringar
– løfte viktige saker
Du kan også sende innspel til nominasjonskomiteen dersom du kjenner nokon som bør stå på lista, eller om du har forslag til vallista.
Å melde interesse er heilt uforpliktande.
Meld interesse eller send innspel her: https://forms.gle/7GXMG5cPpPpxTX4j9
Har du spørsmål om prosessen, kan du ta kontakt med nominasjonskomiteen ved Nikolai Valvik:
📞 472 93 924
✉️ [email protected]
Vi ser fram til å høyre frå deg!