23/08/2026
Ein betre skule for alle!
SV meiner at skulen skal gi alle elevar gode høve til å lukkast, uansett
bakgrunn eller føresetnader. Mange born opplever i dag stress og
mobbing på skulen, og fråværet har auka. Dette må vi gjere noko med.
Derfor vil SV ha fleire tilsette i skule og SFO, slik at kvar elev får den
oppfølginga dei treng, og skulen blir ein betre stad å jobbe. Vi vil gi dei
yngste borna meir leik og fysisk aktivitet, styrke fellesskapet og gjere
skulen meir motiverande for alle.
Barn og unge er framtida vår. Derfor satsar SV på ein sterkare skule,
med plass til alle elevar.
SV vil:
● sikre nok lærarar i skulen.
● styrke arbeidet med tilrettelagt undervisning for dei som
treng det.
● at alle fag i skulen blir oppfatta som likeverdige og av like
stor verdi.
● ha tydelegare nasjonale krav til digitale einingar i skulen.
● innføre gratis måltid kvar dag i grunnskulen og
vidaregåande skule.