Vindafjord kommune

Vindafjord kommune Vital og sentral! http://www.vindafjord.kommune.no/
Tlf : 53 65 65 65 http://www.vindafjord.kommune.no/
Vital og sentral! Tlf : 53 65 65 65

Har du lyst til å vera avlastingsfamilie for ein gut på 11 år?Som 11-åringar flest likar denne guten å gå tur, hoppa på ...
04/09/2026

Har du lyst til å vera avlastingsfamilie for ein gut på 11 år?

Som 11-åringar flest likar denne guten å gå tur, hoppa på trampoline, sykla, leika i sandkassa, pusla og teikna 🚲🧩 🎨

Han er ein veldig tillitsfull gut som likar tøys og moro. Samstundes kan aktivitetar ute blant mange menneske opplevast som litt strevsame.

Han trivst godt saman med ein vaksen.

Dette er ein fast arbeidsavtale kvar fjerde helg.

Ta kontakt med Nina Haslemo ved interesse:
[email protected] eller tlf. 95407243.

Gjer som Ingrid - jobb som helsesjukepleiar i Vindafjord kommune 🙌Er du ein engasjert og omsorgsfull helsesjukepleiar so...
02/09/2026

Gjer som Ingrid - jobb som helsesjukepleiar i Vindafjord kommune 🙌

Er du ein engasjert og omsorgsfull helsesjukepleiar som brenn for å fremje helse og trivsel blant barn, unge og familiar? Då kan du vere den me leitar etter 😍

Hos oss får du ein spanande og variert arbeidskvardag, med høve til å arbeide førebyggjande og helsefremjande i eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø.

Ein får møte barn og unge i alle slags situasjonar.

– Me får vera med på heile livet deira. Frå plaster og skrubbsår, til viktige samtalar om identitet, vennskap, følelsar og seksualitet. Det er eit stort spenn, og eg elskar akkurat det, seier Ingrid.

Det er dei små augneblikka som gjer jobben stor.

– Eg får teikningar, klemmar, og mange gonger får eg høyra eit “Hei Ingrid!” når eg møter elevar utanfor skulen. Då kjenner eg at jobben min betyr noko.

Ingrid er ikkje i tvil når me spør om ho vil anbefala å jobba her.

– Ja! På det sterkaste. Eg trivst så godt. Eg føler verkeleg eg har valgt rett. Arbeidskvardagen er fleksibel, me har eit breitt spekter av oppgåver, kjekke kollegaer og ingen dagar er like. Det er ein jobb som utfordrar, utviklar og gjer ein forskjell.

Lenkje til ledig stilling i kommentarfeltet og story 🫶👇

Del gjerne vidare!

Slik markerer Vindafjord kommune gravferda til Kong Harald VOnsdag 9. september blir Kong Harald gravlagd. Mange ønskjer...
02/09/2026

Slik markerer Vindafjord kommune gravferda til Kong Harald V

Onsdag 9. september blir Kong Harald gravlagd. Mange ønskjer å markera dagen og følgja gravferda.

Gravferdsdagen er ikkje ein offentleg fridag, og kommunale tenester, skular og barnehagar har difor ordinær drift.

Vindafjord kommune følgjer råda frå nasjonale styresmakter, samstundes som den enkelte eining vurderer korleis markeringa best kan gjennomførast lokalt.

Klokka 13.00 blir det eitt minutt stille som del av den nasjonale markeringa. Kommunale einingar blir oppmoda om å leggja til rette for deltaking der det er praktisk mogleg.

I skular og barnehagar skal dagen organiserast på ein måte som er tilpassa barna og elevane sin alder og føresetnader.

Gode samtalar og refleksjonar kan vera ein naturleg del av dagen for barn og unge som har spørsmål eller ønskjer å snakka om det som skjer.

Der det er naturleg, kan einingane leggja til rette for felles vising av gravferda på TV.

Innbyggjarar som ønskjer å skriva ei helsing eller leggja att ei kondolanse, kan gjera dette i kommunen si kondolanseprotokoll.

Kondolanseprotokollen vil vera tilgjengeleg på rådhuset i ordinær opningstid fram til 9. september.

Vindafjord kommune vil flagge på halvstang fram til gravferda.

Du kan signera en elektronisk kondolanseprotokoll på Kongehuset sine sider
(link i kommentarfelt)

Frå 1. september tilbyr Vindafjord kommune digitale følgjekort.Har du følgjekort i dag og ønskjer å byte mellom fysisk o...
01/09/2026

Frå 1. september tilbyr Vindafjord kommune digitale følgjekort.

Har du følgjekort i dag og ønskjer å byte mellom fysisk og digitalt kort? Du kan no melde frå i skjemaet "Endre format på følgjekortet".

Du kan framleis velje fysisk kort dersom det passar best for deg.

🎉 Familiedag på Sjøperlo! 🎉Redd Barna Haugalandet og Vindafjord Frivilligsentral inviterer til ein kjekk familiedag på S...
01/09/2026

🎉 Familiedag på Sjøperlo! 🎉

Redd Barna Haugalandet og Vindafjord Frivilligsentral inviterer til ein kjekk familiedag på Sjøperlo laurdag 5. september kl. 11.00 til 14.00. 🌟

Dagen opnar med klovneshow 🤡 og trylling ✨, før det blir mange spennande aktivitetar for store og små. Det vert mellom anna ansiktsmaling 🎨, ballongfigurar 🎈, legobyggjing 🧱, teikning med karikaturteiknar ✏️, fargelegging, rettigheitssti og pizza 🍕.

Arrangementet er gratis og det er ikkje nødvendig med påmelding.

Alle born må kome i følgje med ein vaksen.

Me håpar å sjå mange familiar til ein hyggjeleg dag med leik, aktivitetar og godt samvær! 😊

Vindafjord kommune deltok sist veke på regionsamling for TV-aksjonen i Nord-Rogaland.No startar snart planlegginga av år...
31/08/2026

Vindafjord kommune deltok sist veke på regionsamling for TV-aksjonen i Nord-Rogaland.

No startar snart planlegginga av årets aksjon lokalt. Me ser fram til samarbeid med frivillige og næringslivet for eit viktig føremål.

Takk til NRK TV-aksjonen Rogaland og Tysvær kommune for ei god samling.

Regionsamling i Nord!

​I går var vi samlet, en hel gjeng med koordinatorer fra kommunene for å planlegge og legge strategien for årets viktigste aksjon.

​Som det står på veggen bak oss: "HÅP OG FORVENTNINGER". Det er nettopp det vi har! Håp om å samle inn masse penger til et viktig formål, og forventninger om en fantastisk dugnad i år!🧡

Tusen takk til Tysvær kommune for at vi fikk låne de flotte lokalene deres til regionsmøtet for TV-aksjonen! 🧡🤩

Vindafjord kommune har motteke den triste meldinga om bortgangen til Hans Majestet Kong Harald V. Kondolanseprotokollen ...
28/08/2026

Vindafjord kommune har motteke den triste meldinga om bortgangen til Hans Majestet Kong Harald V.

Kondolanseprotokollen vil vera tilgjengeleg på rådhuset.

Kong Harald har vore eit samlande symbol for Noreg og det norske folket.

Gjennom eit langt liv i landet si teneste har han vist eit sterkt engasjement for fellesskap, demokrati og dei verdiane det norske samfunnet er bygd på.

Mange i Vindafjord vil minnast besøket til kongeparet i kommunen 30. mai 2024. Besøket samla store delar av kommunen og gav mange høve til å møta kongeparet. ❤️❤️❤️

– Kong Harald har gjennom ei årrekkje vore samlande for landet vårt. Då kongeparet gjesta Vindafjord i 2024, fekk me oppleva den varme og interessa Kong Harald viste menneske over heile landet. Det besøket vil mange i Vindafjord minnast med stor glede, seier ordførar Ole Johan Vierdal.

– På vegner av kommunen vil eg uttrykkja vår djupaste medkjensle med kongefamilien i ei tung stund.

Innbyggjarar som ønskjer å skriva ei helsing eller leggja att ei kondolanse, kan gjera dette i kommunen si kondolanseprotokoll.

Kondolanseprotokollen vil vera open ved Vindafjord rådhus i Ølen fredag 28. august frå klokka 12.00 til 19.00.

Deretter vil kondolanseprotokollen vera tilgjengeleg på rådhuset i ordinær opningstid fram til 6. september.

Våre tankar går til kongefamilien og alle som no sørgjer over tapet av Kong Harald. ❤️❤️❤️

Vindafjord kommune vil flagge på halvstang fram til gravferda.

Du kan signera ein elektronisk kondolanseprotokoll her: https://www.kongehuset.no/nyheter/kondolanseprotokoll-kong-harald

Skjold kyrkje vil vere open i dagane fram til gravferda, for stillhet, lystenning, kondolanseprotokoll og teiknebord. Ølen kyrkje vil vere open fredag 28.august.

(Foto frå kongebesøket: APPEX)

Det er sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast i delar av Rogaland og Hordaland.Varselet gjeld òg for Vindafjord....
28/08/2026

Det er sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast i delar av Rogaland og Hordaland.

Varselet gjeld òg for Vindafjord.

Det kan kome vindkast på 25–27 m/s frå aust. Vinden aukar frå kl. 10 og varer resten av dagen.

Sikre lause gjenstandar, og følg med på vêr-, veg- og transportmeldingar.

Sjå oppdatert informasjon på met.no og vegvesen.no/trafikk

Tilrettelagte tenester treng støttekontakt til ulike oppdrag. 3 timar i veka i lag med nokon som treng hjelp til å komme...
27/08/2026

Tilrettelagte tenester treng støttekontakt til ulike oppdrag.

3 timar i veka i lag med nokon som treng hjelp til å komme seg ut på kjekke fritidsaktivitetar.

Noko for deg?

Ta kontakt med Nina Haslemo på tlf 95407243 eller [email protected] ved interesse.

Vindafjord vaksenopplæring startar opp kveldskurs på nivå A2/B1 i september. Dette er eit kurs for deg som kan litt nors...
27/08/2026

Vindafjord vaksenopplæring startar opp kveldskurs på nivå A2/B1 i september.

Dette er eit kurs for deg som kan litt norsk frå før, og som ønskjer å bli tryggare og meir sjølvstendig i norsk. Det er framleis ledige plassar.

Oppstart: onsdag 2. september 2026.
Tid: onsdagar september - desember (15 veker) kl. 17.30 - 20.15
Stad: Sjøperlo (2. etasje), Dreganesvegen 40 i Ølen

Me har fått inn ein del førespurnadar om nybegynnerkurs og ønskjer å starte opp med dette også i september dersom me får minst 12 deltakarar.

For påmelding eller spørsmål ta kontakt med avdelingsleiar Marte Bull-Njaa på e-post:

[email protected]

Adresse

Rådhusplassen 1
Ølen
5580ØLEN

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vindafjord kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vindafjord kommune:

Snarveier

Del