Sunnmøre regionråd

Sunnmøre regionråd Sunnmøre regionråd er interkommunalt politisk råd for 15 kommunar - noko som gjer det til det største i landet. Vårt motto er: Utvikling gjennom samarbeid!

SR har som målsetting å bidra til en positiv utvikling i medlemskommunene og i regionen samlet.

07/06/2026

Siger i Slaget om Stad!
Takk til alle som har trekt i same retning, inn mot eigne parti, i møter og i media. Vi kan få til ting her er på kysten - og det her blir eit kjempeløft!

Sunnmøre regionråd er ein del av innsatsgruppa for Stad skipstunnel.Den siste veka har Stad skipstunnel vore tema i Afte...
29/05/2026

Sunnmøre regionråd er ein del av innsatsgruppa for Stad skipstunnel.

Den siste veka har Stad skipstunnel vore tema i Aftenposten. Vi har gjort vårt beste for å slå tilbake mot det einsidige sløseristempelet.
Det høyrer med til unntaka at vi får høve til å svare i riksmedia. Også Mathias Fischer i Initiativ Vest svarte Aftenposten sin kommentator.

For oss handlar dette om meir enn eit prosjekt. Det handlar om korleis vi vurderer tryggleik, regularitet, verdiskaping og kystinfrastruktur i Noreg.

Du finn lenke til innlegga i kommentarfeltet.

Og debatten held fram på Slaget om Stad.

28/05/2026

Sunnmøre regionråd er tydeleg i det vi melder til Helse Møre og Romsdal om dei foreslåtte kutta i ambulansetenesta på Sunnmøre.

Dette handlar om mykje meir enn å flytte på bilar og spare pengar.

Når beredskapen blir redusert på Harøya og Nordre Sunnmøre, i Geiranger og Indre Sunnmøre, og i Ulstein og på Søre Sunnmøre, handlar det om kor raskt hjelpa kjem når livet står på spel. Då betyr det noko korleis landet ser ut – med øyane våre, fjordane og ferjene, rasfare, dårleg vêr og lange avstandar.

Samstundes står helseføretaket midt i ei enorm omstilling. Må fleire pasientar transporterast lengre, når funksjonar blir flytta og avstandane aukar, kan behovet for ambulansar og prehospitale tenester bli større – ikkje mindre.

Vi reagerer særleg på at dei føreslåtte innsparingane blir vurdert som avgrensa lokale tiltak, og ikkje som strukturelle endringar med potensielt store regionale konsekvensar.

Eller som vi skriv i svaret vårt: "Regionrådet meiner (...) at ambulansestruktur og prehospital kapasitet må vurderast som
del av ei samla regional analyse av framtidig akuttberedskap og spesialisthelseteneste, ikkje som eit isolert innsparingstiltak innan Klinikk for prehospitale tenester."

Helse Møre og Romsdal skriv sjølv at konsekvensane av kutta ikkje kan bereknast presist. Då meiner vi det er feil å ta irreversible grep før ein faktisk veit kva det vil bety for folk og lokalsamfunn.

Sunnmøre treng sterke prehospitale tenester. Dette handlar om tryggleik, beredskap og tillit til at hjelpa kjem når du treng ho.

Lenke til heile uttalen ⬇

14/05/2026

Det er på tide å ta eit oppgjer med «sløseri»-stempelet som har festa seg til Stad skipstunnel.

Når både rikspolitikarar og nasjonale medium brukar slike omgrep, skaper det eit inntrykk av at prosjektet er eit særtilfelle – ein luksus eller eit feilgrep. Tala viser noko heilt anna.

Figuren under samanliknar netto nyttekostnad (NNK) og netto nytte per budsjettkrone (NNB) for ei rekke store samferdselsprosjekt i Noreg. Mange av prosjekta har negativ samfunnsøkonomisk lønsemd på papiret. Likevel vert dei bygde.

Kvifor?

Fordi samfunnet veit at store infrastrukturprosjekt ikkje berre handlar om direkte økonomisk avkastning. Dei handlar om:

* tryggleik
* beredskap
* framkome
* regional utvikling
* nasjonal samanhengskraft
* næringsutvikling
* klima og transportomstilling

Det gjeld vegar. Det gjeld jernbane. Og det må også gjelde sjøtransport.

Det oppsiktsvekkjande er ikkje at Stad skipstunnel har ein negativ NNB. Det oppsiktsvekkjande er at prosjektet vert omtalt som «sløsing», medan andre prosjekt med tilsvarande eller svakare tal sjeldan får same merkelapp.

Vi omtalar ikkje rassikring i distrikta som sløsing sjølv om trafikkgrunnlaget er avgrensa. Vi omtalar ikkje store vegprosjekt med milliardunderskot som sløsing dersom dei aukar tryggleik og bind landet saman.

Så kvifor skal sjøvegen vurderast annleis?

Stad skipstunnel handlar om å:

* redusere risiko på eitt av dei mest vêrharde havstrekka i landet,
* sikre regularitet for sjøtransport,
* styrke beredskap langs kysten,
* leggje til rette for grøn transport,
* og utvikle kystsamfunn og næringsliv.

I tillegg viser analysane at tunnelen faktisk gir eit netto klimakutt – noko mange vegprosjekt ikkje gjer.

Difor blir «sløseri»-omgrepet ikkje berre feil. Det blir ei forenkling som undergrev ein seriøs diskusjon om kva slags samfunn og infrastruktur Noreg skal investere i.

Eit samfunn byggjer ikkje framtida si berre på prosjekt med positivt rekneark. Det byggjer framtida si på tryggleik, samanheng, beredskap og langsiktig samfunnsnytte.

Takk Initiativ Vest for grafisk framstilling.
Kjetil Gillesvik

I førre veke delte Nettavisen Norsk debatt eit innlegg om PCI og mediedekninga av saka, etter at Dagsrevyen tok opp kvif...
11/05/2026

I førre veke delte Nettavisen Norsk debatt eit innlegg om PCI og mediedekninga av saka, etter at Dagsrevyen tok opp kvifor Noreg skal ha eigne retningslinjer.
Debattredaksjonen i Nettavisen ville ikkje ta inn svaret vårt, som både handlar om PCI, sentralisering og motmakt i helseregionane. Det er sjølvsagt heilt legitimt.

Men problemet og debatten forsvinn ikkje av den grunn.

For oss i Møre og Romsdal handlar dette framleis om eit grunnleggande spørsmål:
Kven får definere kva som er «fagleg robust», kva som er «realistisk» – og kva slags helsetilbod som er godt nok utanfor dei største sentra?

Vi kjem til å halde fram med å løfte den debatten.

Du kan lese innlegget under, med lenkar i kommentarfeltet. Det er skrive på bokmål, då det var meint til Nettavisen. ⬇

🖊 MOTMAKT GJELDER OGSÅ NÅR SENTRALISERINGEN KOMMER FRA TRONDHEIM OG TROMSØ

Anne Hafstad har all rett til å utfordre journalistikk hun mener blir for ensidig. Men PCI-debatten handler om mer enn NRK, Bodø og Tromsø.
For oss i Møre og Romsdal er saken gjenkjennelig fordi den illustrerer noe større: Hvordan sterke institusjoner og etablerte fagmiljø ofte får definere hva som er «robust», «faglig forsvarlig» og «realistisk» – mens mer perifere regioner blir bedt om å akseptere lengre avstander og svakere tilgang til avansert behandling.
Da blir spørsmålet om motmakt interessant. For motmakt handler ikke bare om å utfordre Oslo. Det handler også om å kunne utfordre regionale maktsentre.
Hafstad skriver at «distriktspolitikk og følelser ser ut til å trumfe kravet til kvalitet og effektivisering». Problemet er at tilhengerne av dagens PCI-struktur svært raskt ikler seg en kappe av «faglighet», som om dette først og fremst er en objektiv og avklart medisinsk diskusjon.
Det er det ikke.
Det faglige er i realiteten tydelig på hva som er den foretrukne behandlingen ved alvorlige hjerteinfarkt: primær PCI.
Diskusjonen handler derfor ikke bare om fag. Den handler også om pasientvolum, prestisje, økonomi og hvilke institusjoner som skal beholde funksjoner, aktivitet og makt. Når man sentraliserer avanserte behandlingstilbud, følger både penger, rekruttering og fagmiljøer med.
Vi i Møre og Romsdal – eller i Nordland – trenger ikke se mot Oslo for å kjenne på sentraliseringspresset. Det kommer også fra regionale sentre og universitetssykehus. Resultatet er at tilbudene, fagmiljøene og rekrutteringskraften ved det Hafstad omtaler som «lokalsykehus», gradvis tappes og vannes ut. Jeg legger til grunn at hun med dette sikter til sykehus uten regionsykehussstatus.
Det er heller ikke riktig at dette bare handler om «følelser». Tvert imot finnes det tunge faglige og geografiske argumenter for å etablere et PCI-tilbud i blant annet Ålesund. Utredningen fra Helse Møre og Romsdal peker på lange transportavstander, tung bruk av luftambulanse og særskilte utfordringer knyttet til geografi og beredskap.
Transportanalysen, som ble gjort i samarbeid med St. Olavs hospital, hadde dessuten som utgangspunkt å finne den plasseringen som kunne gi flest mulig innbyggere tilgang til behandling innenfor det tidsrommet hvor intervensjon har effekt.
To dager før helseministeren bad om nye nasjonale retningslinjer for behandling av hjerteinfarkt, publiserte TV 2 historien om sunnmøringen Odd Einar Tysnes, som overlevde et dramatisk hjerteinfarkt i Sverige takket være rask tilgang til PCI-behandling. Han sa selv at situasjonen kunne fått et helt annet utfall dersom infarktet hadde skjedd på Sunnmøre. Saken synliggjorde også kontrasten mellom Sveriges langt mer desentraliserte PCI-struktur og situasjonen i store deler av Norge.
Når slike historier skaper debatt, bør ikke svaret være å avfeie dem som lokal patriotisme eller kampanjejournalistikk. Det bør være å stille de spørsmålene sterke institusjoner ofte slipper å svare på:
Hvem tjener på dagens struktur?
Hvem taper på den?
Og hvorfor er det så vanskelig å diskutere om innbyggerne i Møre og Romsdal og Nordland skal ha tilgang til den behandlingen fagmiljøene selv omtaler som førstevalget?

[skjermdump frå NRK Dagsrevyen 3. mai 2026]

07/05/2026

Dette møtet handlar ikkje berre om sjukehusa.
Det handlar om kva hjelp du og familien din skal få når de treng det.

I kveld kjem rikspolitikarane til Ålesund.

👉 Møt opp.
👉 Still spørsmål.
👉 Vis at dette betyr noko.

📍 Ålesund rådhus
🕖 Kl. 19

👉 Meld deg på her: https://fb.me/e/6S1TyR0Pu

Foreninga Sjukehuset Vårt Norsk Sykepleierforbund - Møre og Romsdal FO Møre og Romsdal Fagforbundet Helse Sunnmøre - avdeling 376

06/05/2026

Høyr kva Trine Bruseth Sevaldsen i Norsk Sykepleierforbund - Møre og Romsdal seier.
Kutt i denne storleiken får konsekvensar for pasientane – ikkje berre på papiret.
Torsdag kjem rikspolitikarane til Ålesund.

👉 Du kan stille dei direkte spørsmål.
📍 Ålesund rådhus
🕖 Torsdag kl. 19
👉 Gå inn her og meld deg på: https://fb.me/e/6S1TyR0Pu

Vi i Sunnmøre regionråd har meint mykje om rammevilkåra til Helse Møre og Romsdal, men det er spesielt at vi både har ei...
24/03/2026

Vi i Sunnmøre regionråd har meint mykje om rammevilkåra til Helse Møre og Romsdal, men det er spesielt at vi både har eit av verdas beste sjukehus og akuttøkonomisk krise i ein og same helseregion.

Korleis kan to helseføretak, som begge høyrer til Helse Midt-Norge, ha utvikla seg så ulikt?

Lenke der du veit.

Adresse

Postboks 1521
Ålesund
6025

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnmøre regionråd legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del