Vi bruker facebook gruppen vår til å legge ut info om tilbudene våre og gi tips om andre tilbud. Familiestøtte er ei teneste for barn og unge frå 0- 18 år og deira familiar. Ofte hjelper vi barn, gjennom deira viktige vaksne. Vi ønskjer å gi rett hjelp, til rett tid og hjelp som nyttar. Målet er at vi saman finn vegar som kan bidra til endring. Vi kan samarbeide med andre instansar som arbeider me
d barn og unge, til dømes barnehagar/skular, helsesjukepleiarar, barneverntenesta, PPT, BUP og fastlegar. Vi i familiestøtte har brei kompetanse og erfaring knytt til ulike utfordringar for barn, unge og familiar. Alle som arbeider i familiestøtte har teieplikt. Ungdom over 16 år bestemmer sjølv om dei ønskjer at føresette skal vere med til samtale. Hovudregelen er at familiestøtte er inne i ein avgrensa periode. Kva tilbyr vi? Vi har tilbod retta mot kommunikasjon, relasjonar, psykisk helse hos barn og unge, eller andre problemstillingar ein står i. Vi gir støtte, råd og veiledning gjennom:
Samtale- eller rettleiingstilbod tilpassa kvart enkelt barn/ungdom/familie sitt behov. Ulike gruppetilbod for barn og unge. Grupper/kurstilbod for føresette om kommunikasjon og samspel. Hjelp til å lose til andre instansar, dersom det er ønskeleg eller nødvendig. Vi har taushetsplikt. Du kan lese meir om oss og tilboda våre på heimesida til Ålesund kommune. Her finn de også informasjon om aktuelle kurs samt søknadsskjema, sjå link:
https://alesund.kommune.no/barn-ungdom-og-familie/familiestotte/