08/06/2026
Bra 🍀 på Stortinget står på👏💚
Både Erling Sande og eg er godt fornøgd med revidert nasjonalbudsjett ( RNB) -avtalen. Mykje god distriktspolitikk - og helsepolitikk i budsjettsemja!! Her er satsingar innan helse:
🍀Eit løft for lokalsjukehusa!
I RNB er regjeringa og budsjettpartia einige om eit løft for å bruke lokalsjukehusa i heile landet, og slår i avtalen fast at det er eit mål å utvikle og styrke det desentraliserte sjukehustilbudet i Norge, og flytte meir av planlagte behandlinger ut til lokalsykehus.
💚Det er svært gledelig at vi har fått med oss alle dei andre partia på eit løfte om å bruke lokalsjukehusa meire - både i ventetidsløftet, men også at alle helseforetak no må desentralisere fleire behandlinger til lokalsjukehus..
🍀Fleire jordmødre med ultralydutdanning i heile landet ! I budsjettenigheten er det også kommen på plass ein enigheit om ultralydutdanning for jordmødre, som det har vore stor bekymring for sidan tilbodet ved NTNU er foreslått avvikla.
💚Eg er glad for at vi har fått lovnader i avtalen om å sikre ein modell som bidrar til opprettholde utdanningskapasiteten og fortsatt akademisk forankring. Dette vil vere viktig for å sikre at alle kvinner får likeverdig tilgang til ultralyd ved graviditet, uavhengig av hvor de bor.
🍀 Meire til ungdomshelse og alles tenner!
RNB betyr også at 16 og 17 åringer får fritak for eigenandeler i helsevesenet, og at partia er einig om ein plan mot ein fullverdig tannhelsereform.
💚Dette er tiltak som er med på å redusere dei sosiale helseforskjellane i Norge. God tannhelse skal ikkje vere avhengig av familieøkonomien. Senterpartiet meiner at dette er prioriteringar som vil styrke unges helse, og ein tannhelsereform er ein verkelig historisk satsing på folkehelse.
🍀Meire til rehabilitering !
RNB innebærer også ein tilleggsanskaffelse innan rehabilitering i både Helse Midt Norge og Helse Sør Øst, og at pasientar på dagbehandling som treng og ønsker overnatting i helgene skal få dette dekka.
💚Eg er tilfreds med at RNB betyr meire til rehabilitering og at tilboda skal styrkast - og ikkje svekkast - for mange sårbare pasientgrupper. Slik kan pasienter ikkje tvingast til å reise heim i helgene når dei er på eit etterlengta rehabiliteringsopphold. Senterpartiet vil kreve meire til rehabilitering i tida framover, og dette er ein god start.